Etter mange gode filmarrangement på Niri har filmklubben funne ein ny plass til å vere: Jernteppet. Me satsar på minst like god filmstemning på Bakteppet, minst like god meny i baren og ikkje minst like godt samarbeid med våre nye vertar. Dette skal feirast med ein flott filmfest:
Filmen THE HOP-PICKERS var den første tsjekkoslovakiske musikal nokosinne, og er rekna av mange som den desidert beste. Då han kom på kino sommeren 1964 vart den sett av heile 3 millioner menneske i Tsjekkoslovakia. Han handlar om sosialistiske ungdommer som kvar sumar vart skyssa ut på landet for å jobbe på Tsjekkoslovakias humleåkrar.
Før filmen vil Lars Aude frå Jernteppet presentere humle, forklåre bruk av humle i ølproduksjonen og servere smaksprøvar av forskjellige “humleprodukt”…
Velkommen til!
GRATIS INNGANG