2016
Kort og Kald 2016 vil vere på laurdag 26.november

Om festivalen
Sidan 2007 arrangerer Hammerfest Filmklubb kvar vinter ein ettermiddag med framsyning av kortfilmar på rådhusveggen i Hammerfest sentrum. Programmet er mangfaldig og består av tre delar:
1. kortfilmar for unge
2. norske kortfilmar
3. internasjonale kortfilmar

Filmane har (ikkje minst med blikk på årstid…) som regel ei lengd på maks 10min og er alle utan aldersgrense. Oppstarts- og avslutningsfilmane kan vare opp til ein halv time og er gjerne produsert i nærområdet eller Nord-Noreg.

Mål
Målet med prosjektet er introduksjonen av lokale filmprosjekt til eit interessert filmpublikum, fremme den norske filmproduksjonen og opne opp for eit breidd internasjonalt tilbod på kortfilmar. Arrangementet skal være gratis og lett tilgjengeleg for folk i alle aldersklasser. På denne måten kjem både interesserte og uinteresserte i kontakt med kortfilm. Framsyningsstaden fungerer samtidig som sosialt møtestad og festivalen som inspirasjonskjelde for mediet kortfilm.

Filmfestivalen har fast samarbeid med Thon Hotel – i tillegg til den kalde hovudscenen ute finst det ein varm filmlounge inne i vestibylen med ekstra skjerm…

Program
Sjå på det aktuelle programmet eller i arkivet.



samarbeidspartnarar