Opning haustsesong 2016

07/09-2016
Jo baby jo baby jo!

Temaet i opningsfilmen for haustsesongen er perfekt for å kome i easy filmklubbstemning: Hip Hop frå 80-tallet, pakka inn i ein spennande historie om rap-heltane frå denne tida: Dr.Dre, Eazy-E og Ice Cube… Aldri høyrt om desse? Ikkje noko problem, Hip Hop eksperten Shakur Ibrahim vil kome og fortelle litt om bakgrunnen – og ikkje minst gjeve ei smaksprøve på sin eigen hip hop kunst!

Dette vert cool, baby…

GRATIS INNGANG!