Kortfilmfestival Kort og Kald 2016

26/11-2016
Tid for korte i kulda!

Laurdag 26.november vil Hammerfest filmklubb gjennomføre utandørs kortfilmfestivalen Kort & Kald i rådhusparken i Hammerfest sentrum for niende gong. Heile ettermiddagen frå kl.1230-1600 vert det synt kortfilmar på ytterveggen av rådhuset – og ikkje minst inne i filmloungen på Thon-hotell… Arrangementet er som vanleg eit open og gratis tilbod for alle som er filminteressert.

Festivalen vert opna med tre spesielle lokale produksjonar frå nærmiljøet, naboøya Sørøy og ungdomskubben :bootleg. Elles er programmet som vanleg delt i filmar for ungdommen (Kort & Ung), filmar frå Noreg (Kort & Norsk) og filmar frå heile verda (Kort & Grenselaus).

Gratis inngang for alle med opsjon på gløgg og vaflar direkte på festivalplassen…

Kort og kult!