KORT og KALD filmfestival

23/11-2015
 
På laurdag 28.november skal filmklubben for 8.gong gjennomføre mørketids-kortfilmfestivalen KORT og KALD. Programmet vil som vanleg vere delt i tre blokkar med både film for unge, norske og internasjonale kortfilmar. Dessutan har me gleda til å presentere to lokale filmproduksjonar frå Sørøya.
Arrangementet vil i hovudsak vere ute i rådhusparken med rådhuset som storskjerm. Dei som har lyst til å slå seg ned litt lengre en i ei eller to filmlengder vil finne ullteppe på benkene og kan dessutan forsyne seg med gratis gløgg og ferske vaflar som skal serverast. Dessutan vil vår samarbeidspartnar THON hotell som vanleg opne døra til dei som vil føretrekke film innandørs; det vil vere filmkafé i vestibylen kor filmane synast parallelt på fjernsynet.

Filmfestivalen KORT og KALD er både open og kostnadsfri for alle, velkommen til!